Hydrogenperoksid (H2O2) er ei uorganisk sambinding av oksygen og hydrogen. Hydrogenperoksid er ei fargelaus, sterkt oksiderande væske.
Namnet peroksid viser at oksygen er i oksidasjonstrinn -1 i denne sambindinga.
Hydrogenperoksid verkar bleikande og desinfiserande. Stoffet vert nytta i nokre typar vaskemiddel og i bleikemiddel for hår.
Stoffet kan dekomponera spontant til vatn og oksygengass etter reaksjonslikninga:
2H2O2 → 2H2O + O2
Bakgrunnsstoff
Kategori:Lysfølsame kjemikal Kategori:Øyremiddel Kategori:Antiseptika Kategori:Bleikemiddel Kategori:Rakettoksidantar Kategori:Oksidasjonsmiddel Kategori:Desinfeksjonsmiddel Kategori:Hushaldskjemikal