Gemilerøya er ei øy utanfor kysten av Tyrkia nær byen Fethiye. På øya står restane av fleire kyrkjer bygd mellom 300- og 500-talet, samt fleire tilknytte bygg, bygd under Austromarriket. Arkeologar trur at St. Nikolas vart gravlagde her. Ei av kyrkje vart skoren ut i berget på det høgaste punktet på øya.
Det tradisjonelle tyrkiske namnet på øya er Gemiler Adası, som tyder Båtøya. Øya vart òg kalla St. Nikolasøya av sjømenn i mellomalderen, og St. Nikolas var vernehelgen for sjømenn. Arkeologar trur at helgenen vart gravlagd i den utskorne kyrkja då han døydde i 326. Leivningane vart verande der til 650-åra då øya vart fråflytta etter at ho vart truga av ein arabisk flåte. Leivningane vart teken med til byen Myra 40 km lenger aust.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gemiler Island» frå , den 6. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Tyrkia