Libor Charfreitag () er ein slovakisk tidlegare sleggjekastar frå Trnava. Han vart europameister i sleggekast i 2010 og fekk VM-bronse i 2007. Charfreitag sin personlege rekord på 81,81 meter vart oppnådd under eit stemne i Praha i 2003.

Aktiv Charfreitag deltok mellom 2002 og 2010 i ei rad meisterskapsfinalar. Første gongen, i EM 2002 i München, vart han nummer sju. Same plasseringa oppnådde han under OL 2004 i Athen.

I 2007 vann Charfreitag den fyrste medaljen i eit stort internasjonalt meisterskap, då han kom på bronseplass i sleggetevlinga under verdsmeisterskapen i Osaka. I finalen presterte han sitt lengste kast for sesongen, 81,60 m, men kunne ikkje hamle opp med korkje Ivan Tsikhan eller Primož Kozmus. Charfreitag nådde sitt mål om ein meisterskapstittel då han vann europameisterskapen 2010 med eit kast på 80,02 m, og slo italienaren Vizzioni med nesten ein meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (nr 18) EM 2002 i München: Nr 7 – 79,20 m VM 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (nr 13 med 76,52 m) OL 2004 i Athen: Nr 7 – 77,54 m VM 2005 i Helsingfors: Nummer 9 – 76,05 m EM 2006 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (nr 14 med 74,13 m) VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje med 81,60 m OL 2008 i Beijing: Nr 6 – 78,65 m VM 2009 i Berlin: Nr 10 – 72,63 m EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje – 80,02 meter, framom Nicola Vizzoni (79,12 m) og Krisztián Pars (79,06 m)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Libor Charfreitag» frå , den 7. august 2012.

World Athletics

Kategori:Slovakiske sleggekastarar Kategori:Europameistrar i sleggekast Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1999 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010