Madrafjella er ei fjellkjede vest i Anatolia i Egearregionen i Tyrkia. Dei er ein geologisk horstformasjon. Det høgaste punktet i fjella er Mayaåsen.
Geografi
Dei ligg nord i Egearregionen vest i Anatolia og dannar grensa mellom provinsane İzmir og Balikesir i Tyrkia. I provinsen Balıkesir dekkjer dei distrikta Ayvalık, Burhaniye, Havran og İvrindi. I Izmir dekkjer dei distrikta Bergama og Dikili.
Dei er omgjeve av Bakırçaydalen i sør Balıkesirsletta og Kocadağ i nordaust Edremitbukta og Edremit og Havransletta i nordvest Ömerfjellet i aust Dikilibukta i vest.
Madradammen i vest og Kesteldammen i aust, ligg i fjella.
Økonomi og turisme
På Kozakplatået i området Madra Dağları er produksjonen av pinje viktig. Uthenting av fortausstein er òg ei viktig næring. Regionen er òg kjend for druedyrking.
Nær landsbyen Aşağıbey ligg ruinane av den antikke byen Perperene og nær landsbyen Yukarıbey ligg antikke Trarion.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Madra Mountains» frå , den 8. august 2012.
Kategori:Fjellkjeder i Tyrkia Kategori:Egearregionen