Hartvig Sætra () var ein nordnorsk skribent som skreiv mykje i avisene Dag og Tid og Friheten. Sætra var ein ihuga venstreradikalar og målmann. Han var opphavleg med i SV, men gjekk seinare over til NKP. Sætra nytta mykje tid på det han kalla "å avsløra medielygnene" om krigane i det tidlegare Jugoslavia. Ei anna sak han engasjerte seg for var rettane åt det samiske folket.

På 1970-talet og 1980-talet nytta Sætra mykje tid på å dokumentera overgrepa åt Pol Pot i Kambodsja. Dette førte til sterk uvenskap med andre folk på venstresida som sokna til RV og AKP.

Sætra har skrive fleire bøker og vore ein viktig premissleverandør for diskusjonen om økologi og sosialisme i Noreg.

Bøker 1971 - Populismen i norsk sosialisme, Pax forlag, ISBN 82-530-0010-3 1986 - Reisavassdraget : floraen i Reisavassdraget, Troms, Universitetet i Tromsø, Institutt for museumsvirksomhet 1990 - Jamvektssamfunnet er ikkje noko urtete-selskap, Det Norske Samlaget, ISBN 82-521-3577-3

Bakgrunnsstoff Hartvig Sætra 1933-2004 på http://www.friheten.no Hartvig Saetra, (1933-2004). Ei minneside frå NKP i Midt-Norge

Kategori:Norske forfattarar Kategori:SV-politikarar Kategori:NKP-politikarar Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Krødsherad Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg