Honaz (tyrkisk Honaz Dağı) er eit fjell og ein nasjonalpark, sørvest i Tyrkia, 17 km aust for Denizli. Den 21. april 1995 vart det erklært som eit verneområde. Landsbyen Honaz ligg i fjellsida. Med ei høgd på 2571 meter over havet er dette det høgaste fjellet i Egearregionen i Tyrkia.

Fjellet er skogdekt og skogen er særleg tett på nordsida, og toppen er ofte dekt av snø og is. Det har vore snakk om å byggje ein vintersportstad i fjellet, men prosjektet er foreløpig lagt på is.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Honaz» frå , den 9. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjell i Tyrkia Kategori:Nasjonalparkar i Tyrkia Kategori:Turistmål i provinsen Denizli Kategori:Verneområde oppretta i 1995