Nemrut (tyrkisk Nemrut Dağı; armensk Սարակն, Sarakn; kurdisk Çiyayê Nemrud) er ein sovande vulkan aust i Tyrkia, nær Vansjøen. Vulkanen er kalla opp etter kong Nimrod som vart sagt å styre dette område kring 2100 fvt.

Nemrut ligg nær Tatvan, ein liten by i Bitlis aust i Anatolia. Fjellet ligg sørvest for Vansjøen og strekkjer seg inn i distriktet Ahlat i nord. Sist vulkanen hadde eit utbrot var i 1597.

Fjellet er 3 050 meter høg og det elliptiske krateret har ein diameter på mellom 7 og 8 km. Den vestlege delen av krateret inneheld ein stor kratersjø som er kring 155 meter djup. Denne innsjøen er kald, men det finst òg ein innsjø med langt varmare vatn, som stund når ein temperatur på 60 °C, avhengig av aktiviteten til vulkanen.

Nemrut er den sørlegaste og yngste vulkanen i rekkje vulkanar aust i Anatolia. Han er ein stratovulkan og byrja å ha utbrot i kvartærtida.E. Aydar et al. / Journal of Volcanology and Geothermal Research 306 123 (2003) 301—312 Utbrota til Nemrut har medverka til danninga av Vansjøen, den største innsjøen i Tyrkia.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nemrut (volcano)» frå , den 9. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kjelder Global Volcanism Program

Bakgrunnsstoff Bilete from Nemrut Nemrut - map

Kategori:stratovulkanar Kategori:Kalderaer Kategori:Kratersjøar Kategori:Vulkanar i Tyrkia Kategori:VEI-6-vulkanar Kategori:Fjell i Tyrkia Kategori:provinsen Bitlis