Porphyrio er ei biologisk slekt av rikser. Tre av dei ti nolevande Porphyrio-riksene har 'purpurhøne' som fellesnamn på norsk. Purpurhønene har utbreiing i dei varmare strøka i Afrika og Amerika, og sparsamt inn Asia og Europa. Dei andre er dei langt større artane av sultanhøner og takahe. Sultanhøns har utbreiing i Afrika, Iberia, Asia, Australia og Polynesia med tilsaman 6 artar. Takahe er ein fugl utan flygeevne, endemisk for New Zealand.

Fleirtalet av dei opphavlege artane i denne gruppa vart utrydda i holocen, men kvittakahe, som levde på Lord Howe-øya i Australia, vart utrydda av menneske så seint som på 1700-talet eller tidleg 1800-talet.

Skildring Fjørdrakta i denne slekta varierer i svart, brunt og iriserande grønt, blått eller lilla. Ofte er vengene farga noko ulikt frå undersida. Berre kvittakahe hadde fjørdrakt i kvitt eller kvitt med blåskjær.

Storleiken varierer frå 33 cm for amerikapurpurhøne til 63 cm for takahe, sistnemnde med eit gjennomsnitt på 2,650 kg i vekt, omtrent som ei gås, og er den største gjenlevande riksa i verda.

Dei fleste artane lever i våtmark og beitar på myrplantar og eller insekt.

Ungane er kledde i svarte dunfjører, dei er sjølvhjelpte og beitar utelukkande på insekt første tida. Seinare kan dei ta planteføde.

Artslista Porphyrio-riksene i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Lista er supplert med informasjon frå Norske navn på sultanhønekomplekset, november 2016.Morten Bergan (NNKF) Norske navn på sultanhønekomplekset Norsk Ornitologisk Forening 22.11.2016, henta 5. desember 2015 Afrikapurpurhøne, Porphyrio alleni, Allen's Gallinule, Thomson, 1842, (LC) Amerikapurpurhøne, Porphyrio martinicus, Purple Gallinule, Linné, 1766, (LC) Bleikpurpurhøne, Porphyrio flavirostris, Azure Gallinule, Gmelin, 1789, (LC) Blåsultanhøne, Porphyrio porphyrio, Western Swamphen, Linné, 1758, (LC) Svartryggsultanhøne, Porphyrio indicus, Black-backed Swamphen, Horsfield, 1821 Grønryggsultanhøne, Porphyrio madagascariensis, African Swamphen, Latham, 1801 Takahe, Porphyrio hochstetteri, South Island Takahe, Meyer, 1883, (EN) Brunryggsultanhøne, Porphyrio melanotus, Australasian Swamphen, Temminck , 1820 Bleiksultanhøne, Porphyrio pulverulentus, Philippine Swamphen, Temminck , 1826 Gråhovudsultanhøne, Porphyrio poliocephalus, Gray-headed Swamphen, Latham, 1801

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Porphyrio» frå , og «Purpurhühner» frå , den 12. august 2012

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av Porphyrio-rikser hos Internet Bird Collection

Kategori:Riksefamilien Kategori:Fugleslekter