Vegard Høidalen () er ein norsk volleyballspelar frå Skien. Høidalen har spelt både sandvolleyball og innandørs og representerte Skien Volleyballklubb.
Karriere Høidalen tok til å markera seg i internasjonale tevlingar frå 1995. Profil hjå Beach Volleyball Database I 1997 vart han europameister i sandvolleyball saman med makkeren Jørre Kjemperud. Dei to vann EM-bronse fire gonger og deltok under sommar-OL 2000 i Sydney. I 2001 vann dei bronse under VM i sandvolleyball.
Vegard Høidalen deltok også i sommar-OL 2004 i Aten saman med Kjemperud, der dei enda på ein niandeplass.
I 2008 vart Vegard Høidalen suspendert frå konkurransar og trening i volleyball. Grunnen var at alle spelarar som er tilknytt Norges Idrettsforbund (NIF) har plikt til å melda frå om kvar dei til ei kvar tid er seg, slik at dei kan kallast inn til dopingkontrollar utan åtvaring på førehand. Høidalen hadde ignorert fire åtvaringar frå NIF om dette, og vart difor utestengt for brot på meldeplikta. Vg.no, 3. juli 2008: Høidalen utestengt inntil videre Straffa varte i fire månader før Høidalen igjen vart frifunnen i 2009.
Vegard Høidalen har 11 landskampar bak seg i karrieren sin, og er framleis aktiv volleyballspelar.
Kjelder
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske sandvolleyballspelarar Kategori:Europameistrar i sandvolleyball Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Sandvolleyballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Sandvolleyballspelarar under sommar-OL 2004 Kategori:Dopingsaker Kategori:Folk frå Skien