Egil Andersen Hylleraas () var ein norsk fysikar. Hylleraas vart internasjonalt kjend for arbeida sine den tida då den moderne kvantefysikken vart utforma, og han var den første som underviste systematisk i kvantefysikk i Noreg. Han er òg kjend for arbeidet sitt med tilnærma løysing av Schrödingerlikninga for to-elektron-atom (He, H-, Li+, Be++) på slutten av 20-talet. Han samarbeidde med og vart rettleia av stordomar som Max Born og Hans Bethe.
I 1931 vart han vald til medlem av Chr. Michelsens Institutt i Bergen. Han var professor i teoretisk fysikk ved Universitetet i Oslo frå 1936 til 1965.
Egil Hylleraas skreiv kring 75 vitskaplege avhandlinga og fleire hundre artiklar av populærvitskapeleg, filosofisk, historisk og biografisk innhald. Eit utval av det vitskaplege arbeidet hans vart gjeve ut i to bind etter han døydde. Hylleraas gav ut ei omfattande lærebok i teoretisk fysikk og ei populær bok, Atomene, forskningens vei mot ukjent land i 1947. I 1939 starta han tidsskriftet Fra fysikkens verden og var redaktør for dette til 1956.
Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi (1930), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (1955) og fleire utanlandske vitskapsselskap. Han mottok Gunnerus-medaljen frå DKNVS i 1960 og vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1964.
Kjelder
Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske lærebokforfattarar Kategori:Kvantefysikarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Engerdal kommune Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Folk tilknytte CERN