Provinsen Gümüşhane (tyrkisk Gümüşhane ili) er ein provins nord i Tyrkia, og grensar til Bayburt i aust, Trabzon i nord, Giresun og Erzincan i vest. Han dekkjer eit areal på 6 575 km² og har kring 130 000 innbyggjarar (2010). Provinsen har ei rik gruvehistorie (sølv og bronse) og var eksportkjelda for Trabzon.

Gümüşhane er omgjeve av høge fjell, Zigana-Trabzonfjella i nord, Çimenfjella i sør, Giresunfjella i vest og Pulur, Soğanlıfjella i aust. Det er populært med fjellturar i området og i Zigana er det eit skisenter. Abdal Musa er det høgaste fjellet med 3331 meter over havet.

Distrikt Provinsen Gümüşhane er delt inn i seks distrikt (hovuddistriktet er utheva): Gümüşhane Kelkit Köse Kürtün Şiran Torul

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gümüşhane Province» frå , den 19. august 2012.

Bakgrunnsstoff

*