Provinsen Mersin (tyrkisk Mersin ili) er ein provins sør i Tyrkia ved kysten av Middelhavet mellom Antalya og Adana. Provinshovudstaden er byen Mersin og andre store byar er Tarsus, fødestaden til apostelen Paulus. Provinsen er ein del av Çukurova, ein geografisk, økonomisk og kulturell region som òg omfattar provinsane Mersin, Adana, Osmaniye og Hatay.

Det tidlegare namnet på provinsen var İçel. I 2002 vart namnet på provinsen endra til Mersin, slik at han hadde same namn som provinshovudstaden, som er tilfelle for alle tyrkiske provinsar utanom tre.

Distrikt Provinsen Mersin er delt inn i tretten distrikt, og fire av desse høyrer til kommunen Mersin (synt i utheva skrift).

Akdeniz Mezitli Toroslar Yenişehir Anamur Aydıncık Bozyazı Çamlıyayla Erdemli Gülnar Mut Silifke Tarsus

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mersin Province» frå , den 20. august 2012.

Bakgrunnsstoff Mersin by

*