Kjetil Borch () er ein norsk roar som representerer Horten Roklubb. Han vart verdsmeister 2013 i dobbeltsculler saman med Nils Jakob Hoff og europameister 2018 i singlesculler.

Karriere Borch og Nils Jakob Hoff rodde seg til ein fjerdeplass i dobbeltsculler VM 2010 på Lake Carapiro i New Zealand. Dei representerte Noreg under sommar-OL 2012 i London, men greidde ikkje å kvalifisera seg frå semifinale til finalen. Nrk.no, 31. juli 2012: Roerne var 0,4 sekunder fra finalen Borch og Hoff gjekk deretter vidare til B-finalen, som dei vannVG, 2. august 2012: Seier med bismak for dobbeltsculleren og enda på ein samanlagt sjuandeplass. Under sommar-OL i Rio i 2016 tok Borch bronsemedalje i finalen i dobbeltsculler saman med makker Olaf Tufte.

Under europameisterskapen 2018 i Glasgow rodde Borch inn til gullmedalje i singlesculler, 0,7 sekund framom Mindaugas Griškonis frå Litauen.

Kjelder

Kategori:Norske roarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Roarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Roarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Roarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Roarar under sommar-OL 2024 Kategori:Folk frå Tønsberg