İskenderun (arabisk الإسكندرون) er ein by og eit bydistrikt i provinsen Hatay ved kysten av Middelhavet i Tyrkia. Han vart kalla Alexandretta fram til han vart ein del av Tyrkia den 29. november 1937.Sarah Shields, Fezzes in the River Oxford University Press, 2011
İskenderun ligg heilt aust ved kysten Middelhavet ved İskenderunbukta, ved foten av Nurfjella.
İskenderun er eit travelt handelssenter og ein av dei største byane i provinsen, omtrent like stor som provinshovudstaden Antakya. Byen er ein av dei største hamnebyane i Tyrkia ved Middelhavet og eit viktig industrisenter med İsdemir stålver, eit av dei største i Tyrkia. İskenderun er òg ein feriestad med mange hotell, restaurantar og kafear.
Byen ble grunnlagt av Aleksander den store i 333 fvt., og var tidlegare kjend i vesten under det opphavlege namnet Alexandretta (gresk Ἀλεξανδρέττα, 'Alexandrétta, på arabisk al-ʼIskandarūn med fleire varierande stavemåtar). Som følgje av Moskvatraktaten i 1921 vart byen og provinsen avstått til Syria, men provinsen lausreiv seg og slo seg saman med Tyrkia igjen kort tid etter. Syria ønsker framleis provinsen og byen tilbake, noko som har ført til at dei aldri har anerkjend grensene mot Tyrkia.
Dörtyol rett nord for byen er endepunkt for oljerøyrleidninga frå Irak.
Klima Klima langs denne delen av Middelhavet er varmt og fuktig om sommaren, då fokl kjem frå landsbygda for å gå på stranda. Til somme tider av året sveiper den kraftige vinden kalla 'Yarıkkaya' over byen. Vintrane er milde og våte.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «İskenderun» frå , den 23. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff İskenderun
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Çukurova Kategori:Stader i Tyrkia frå gresk antikk Kategori:Tyrkiske hamnebyar ved Middelhavet Kategori:Syrisk historie Kategori:Busetnader i provinsen Hatay Kategori:Busetnader grunnlagde på 300-talet fvt.