Silifke (Selefke; gresk Σελεύκεια, Selevkia eller Selevkeia) er ein by og eit distrikt i sør i det sentrale provinsen Mersin i Tyrkia, 80 km vest for byen Mersin, vest i Çukurova.

Silifke ligg nær kysten av Middelhavet, ved breidda av elva Göksu, som renn ned frå Taurusfjella.

Silifke vart tidlegare kalla Seleucia ad Calycadnum på latinsk. Den antikke byen Olba, Olbasa, Olbia eller Ourbanopolis låg òg innanfor bygrensene til dagens Silifke.

Silifke er ein industriby med gode vegsamband til andre byområde. Her vert det produsert drikkevarer, kjemikaliar, klede, sko, glas, plastikkvarer, keramikk og tekstil.

Klima Silifke har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og mild og våte vintrar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Silifke» frå , den 26. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Silifke HaberSilifke Offisiell nettstad Kommunen si offisielle nettside

Kategori:Çukurova Kategori:Busetnader i provinsen Mersin Kategori:Hellenistiske koloniar Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader grunnlagde på 200-talet fvt.