Osmantyrkisk (osmantyrkisk لسان عثمانی, lisân-ı Osmânî) var det offisielle språket i Det osmanske riket og var ein variant av tyrkisk. Det inneheldt ein god del låneord frå både persisk og arabisk, og som eit resultat av dette var språket ofte uforståeleg for dei utan utdanning.
Språket blei skrive med ei form av det persiske alfabetet (arabisk skrift). Då Det osmanske riket var på sitt mektigaste blei det brukt fleire framandord enn opphavleg tyrkiske ord i språket, Ottomans og arabisk eller persiske ord utgjorde rundt 88 % av ordforrådet.Bertold Spuler. Persian Historiography & Geography Pustaka Nasional Pte Ltd s. 69
Tyrkarar utan utdanning, frå lågare samfunnslag og på landsbyga, heldt fram med å bruka kaba Türkçe ('rå/vulgærtyrkisk', som i vulgærlatin), som hadde mykje færre framande lånord, og er utgangspunktet for moderne tyrkisk.Glenny, Misha. The Balkans - Nationalism, War, and the Great Powers, 1804-1999, Penguin, New York 2001. s. 99. I reformtida tanzimât byrja ein ta i bruk nemninga «ottoman» eller «osman» om språket.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Osmantyrkisk» frå , den 27. august 2012.
Denne artikkelen bygger på «Ottoman Turkish language» frå , den 14. august 2019.
Kategori:Det osmanske riket Kategori:Tyrkiske språk Kategori:Utdøydde språk i Asia Kategori:Tidlegare språksteg Kategori:Einskildspråk