Jordskjelvet i Gediz i 1970 var eit jordskjelv med styrke 7,2 Mw som råka vestlege Tyrkia den 28. mars 1970 kring 23:05 lokal tid.

1 086 menneske mista livet og 1 260 vart skada, og mange tusen vart heimlause i Gediz, 98 km søraust for Kütahya. Mange menneske mista livet i brannar som starta i velta vedomnar.

Byen Gediz, som ofte hadde vore råka av både jordskjelv og flaum, vart etter dette flytta 7 km langs vegen mot Uşak og bygt opp under namnet Yeni Gediz (tyder Ny Gediz).

Gediz var tidlegare råka av store jordskjelv i 1866 og 1896. Den 25. juni 1944 kl. 07:20 vart Gediz råka av eit jordskjelv på 6,0 momentmagnitude som tok livet av 20 menneske og øydela 3500 bygningar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «1970 Gediz earthquake» frå , den 29. august 2012. oppgav desse kjeldene: