Derinkuyu er ein by og eit distrikt i provinsen Nevşehir i Sentral-Anatolia i Tyrkia. Han har kring 11 000 innbyggjarar, medan distriktet har litt over 20 000 innbyggjarar (2010).Statistical Institute Byen ligg 1300 meter over havet.
Byen ligg i Kappadokia og er mest kjend for den underjordiske byen Derinkuyu undergrunnsby, som er ein stor turistattraksjon. Byen er skoren ut av unike geologiske formasjonr og vart nytta av tidlege kristne som gøymestad. Det finst minst 200 underjordiske byar i området mellom Kayseri og Nevşehir som har minst to nivå, medan 40 av desse har minst tre nivå.
Dei eldste nedskrivne kjeldene om desse byen er frå Xenofon.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Derinkuyu» frå , den 31. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Kommunen si offisielle nettside
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Kappadokia Kategori:Busetnader i provinsen Nevşehir