mini|Samløpet mellom elvene Mosel og Rhinen ved Koblenz. mini|Samløpet mellom elvene Bhagirathi og Alaknanda, som dannar Ganges ved Devprayag i India. Det sedimentrike vatnet kjem frå Alaknanda. Eit samløp er i geografi ein stad der to eller fleire elvar renn saman. Det kan vere der ei sideelv munnar ut i hovudelva i eit vassdrag, eller der to tilløpselvar renn saman og dannar ei ny og større elv med eit nytt namn. Samløp dannar ofte knutepunkt for båttrafikken på elvane, og det har derfor vokse fram hamnestader der, som då òg har blitt knutepunkt for transport på land til og frå hamnene. Mange større byer er grunnlagd på denne måten.
Uttrykket samløp vert òg nytta om stader der kanalar, isbrear, fjordar og sund møter kvarandre __NOTOC__ Kjende samløp I Noreg Vormsund, der Glomma og Vorma møtes. Elva Tana vert danna ved samløpet mellom Anarjokka og Karasjokka. Fleire stader i Noreg og Sverige heiter Åmot, «som tyder stad der to elvar møtes». Namnet vert hovudsakleg nytta om området mellom dei to elvane.
I Europa Lyon i Frankrike ligg ved samløpet mellom Saône og Rhone. Praha, hovudstaden i Tsjekkia, ligg ved samløpet av Elben og Vltava (Moldau). Beograd, hovudstaden i Serbia, ligg ved samløpet av Sava og Donau. Nizjnij Novgorod, den fjerde største byen i Russland, ligg ved samløpet mellom Volga og Oka.
Andre verdsdelar Allahabad i India, der dei heilage elvane Ganges, Yamuna og Saraswati møtes. Det er ein av dei heilagaste stadane i hinduismen. Sjølve samløpet vert kallaTriveni Sangam. Nilen byrjar ved samløpet mellom den Kvite Nilen og den Blå Nilen i Khartoum, hovudstaden i Sudan. Byen Manaus i Brasil ligg ved samløpet av elvene Rio Negro og Amazonas. Ohioelva vert danna ved samløpet av elvene Monongahela og Allegheny i Pittsburgh, Pennsylvania. St. Louis i Missouri ligg like ved samløpet mellom elvane Mississippi og Missouri.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Samløp» frå , den 2. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Sjå òg Elveos
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fysisk geografi Kategori:Elver
ja:合流