Meseret Defar Tola () er ein etiopisk langdistanseløpar som spesialiserer seg på 3000 og 5000 meter for kvinner. Ho hadde verdsrekorden på 5000 meter frå 2006 til 2008, då han blei slått av landsmannen Tirunesh Dibaba.

Den fyrste OL-medaljen for Meseret Defar var ein gullmedalje på nettopp 5000 meter under sommar-OL 2004 i Athen. I sommar-OL 2008 i Beijing enda ho på tredjeplass på den same distansen, slått av gullvinnaren Tirunesh Dibaba og tyrkiske Elvan Abeylegesse. Under sommar-OL 2012 var Defar igjen i toppform og sprang seg til ein ny gullmedalje på 5000 meter.

Meseret Defar vart også verdsmeister på 5000 meter under VM i friidrett 2007 i Osaka og har ei lang rekkje andre medaljar frå internasjonale meisterskap.

Ho fekk Bislett-medaljen i 2007.

Kjelder

World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Meseret Defar» frå , den 3. september 2012.

Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Etiopiske mellomdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Etiopia Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen Kategori:Olympiske meistrar for Etiopia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Etiopia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012