Angarskyjpasset er ein fjellovergang i Krimfjella på Krimhalvøya sør i Ukraina. Passet er det høgaste punktet på vegen mellom Simferopol og Alusjta med ei høgd på 752 meter over havet. Det har namn etter elva Angara, ei sideelv til Salhir.

I mellomalderen gjekk det berre ein stig gjennom passet. Dei første postrutene gjennom Angarskyjpasset vart lagt av russiske pionerar i 1824–26. Vegen vart utvida to gonger, ein gong i 1935 og ein i 1959 då Krim trolleybuss-linje opna.

Angarskyjpasset er ein populær vinterferiestad på Krimhalvøya. Skisport er populært her om vinteren.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Angarskyi Pass» frå , den 6. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Geografi på Krimhalvøya Kategori:Fjellovergangar i Ukraina