Ivano-Frankivsk (ukrainsk Івано-Франківськ; tidlegare Stanyslaviv,The Sad End of the Orange Revolution, Der Spiegel (14 januar 2010) Stanislau eller Stanisławów) er ein historisk by i Vest-Ukraina. Han er administrasjonssenter i Ivano-Frankivsk oblast (provins).
Han vart bygd på midten av 1600-talet som ei privat festning for Potocki-familien, og med delinga av Polen i 1772 gjekk han til Det austerrikske imperiet. Det var i denne perioden festninga vart omgjort til ein av dei viktigaste byane i lågberga ved Karpatane. Etter første verdskrigen var han ei kort stund mellombels hovudstad i Den vestukrainske folkerepublikken, før Stanisławów vart ein del av Den andre polske republikken. I byrjinga av andre verdskrigen vart byen «frigjort» av sovjetiske styrkar før Nazi-Tyskland okkuperte byen. Med frigjeringa av Ukraina i 1944 vart byen ein del av Sovjetunionen dei neste 45 åra. Nokre år før oppløysinga av Sovjetunionen vart det blågule flagget reist i byen som eit symbol på det sjølvstendige Ukraina.
I dag er det spor etter fleire kulturar i Ivano-Frankivsk, med eit polsk rådhus, eit austerriksk forretningssenter og sovjetiske bustadblokker.
Byen ligg i Karpatane nordaust i fjellkjeda, kring 120 meter over havet. Dei nærmaste byane er Tysmenytsia som ligg mindre enn 10 km mot aust, Tlumatsj i aust, Nadvirna i sør, Kalusj i vest og Halytsj i nord.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ivano-Frankivsk» frå , den 15. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff mvk.if.ua – Offisiell side for Ivano-Frankivsk
Kategori:Byar i Ivano-Frankivsk oblast Kategori:Busetnader grunnlagde i 1650 Kategori:Shtetlar