Drohobytsj (ukrainsk Дрогóбич, polsk Drohobycz) er ein by som ligg ved samløpet mellom elvane Tysmenytsia og Seret i Lviv oblast (provins), vest i Ukraina. Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2010), medan storbyområdet har litt over 100 000 innbyggjarar. Dei fleste tilhøyrer den ukrainske gresk-katolske kyrkja, men det er òg mange ukrainsk-ortodokse.
Byen er for første gongen nemnd i eit dokument frå 1387. I mellomalderen låg slottsborga Tustan her. Byen låg i denne perioden under Polen. Frå 1772 vart Drohobytsj og Galizia liggjande under Austerrike-Ungarn. Etter første verdskrigen vart byen igjen polsk, før han i samband med andre verdskrigen tilfalt Ukraina og Sovjetunionen.
Drohobytsj var heimbyen til den kjende jødiske forfattaren og målaren Bruno Schulz, som gjennom heile forfattarskapen sitt skildra heimbyen sin, overgangen mellom ulike tider, mytar og røyndom. Ivan Franko vart òg fødd i nærleiken av Drohobytsj, i landsbyen Nahujevitsji.
Historiske folketal
1931 — 32 300 innbyggjarar 1959 — 42 000 innbyggjarar 1970 — 56 000 innbyggjarar 2001 — 79 000 innbyggjarar
I 1869 hadde byen 16 880 innbyggjarar. 28,7% var ukrainarar, 23,2% var polakkar (romersk-katolske) og 47,7% var jødar. Hendingane under og etter andre verdskrigen endra den etniske samansetnaden i byen, i 1959 var dette endra til 70% ukrainarar, 22% russarar og berre eit fåtal polakkar og jødar.
Eit av de største oljeraffineria i Europa opererte i Drohobytsj frå 1909 til 1939. Det heitte Polmin.
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Drohobych» frå , og «Drohobytsj» frå den 16. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Drohobytsj - byportal (ukrainsk)
Kategori:Byar i Lviv oblast Kategori:Galizia