Korosten (ukrainsk Ко́ростень, russisk Ко́ростень) er ein historisk by og eit jernbaneknutepunkt i Zjytomyr oblast (provins) nord i Ukraina. Han er det administrative senteret i Korosten rajon (distrikt). Byen ligg ved elva Uzj og har kring 65 000 innbyggjarar.
Byen vart grunnlagd på 700-talet og var hovudstad i ein gammal slavisk stat som sidan vart ein del av Kiev-riket. Byen er i dag relativt liten, hovudsakleg fordi han ligg særs nær Tsjernobyl. Etter Tsjernobylulukka vart området kring byen erklært ein frivillig evakueringssone.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Korosten» frå , den 18. september 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Zjytomyr oblast Kategori:Busetnader grunnlagde på 700-talet