Bursting Out er eit konsertalbum frå 1978 av rockebandet Jethro Tull. Det vart spelt inn forskjellige stader i Europa under Heavy Horses-turneen i mai og juni 1978. Det står ikkje oppført kvar songane vart spelte inn, men i teksten i omslaget står det at nokre av songane er frå Bern Festhalle i Sveits den 25. mai 1978.
Albumet vart gjeve ut som ei dobbel CD-plate i Storbritannia, men i USA berre som ein enkel CD utan «Quatrain», «Sweet Dream» og «Conundrum». I 2004 vart heile albumet gjeve ut i USA òg som eit dobbeltalbum.
Innhald
Medverkande Ian Anderson – vokal, fløyte, akustisk gitar Martin Barre – Elektrisk gitar, mandolin, marimba, vokal John Evan – Piano, orgel, trekkspel, synthesiser, vokal Barriemore Barlow – trommer, klokkespel, vokal, fløyte David Palmer – Pipeorgel, synthesiser, vokal John Glascock – Bassgitar, elektrisk gitar, vokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bursting Out» frå , den 18. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Progressive World-melding
Kategori:Konsertalbum frå 1978 Kategori:Konsertalbum av Jethro Tull Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:album produserte av Ian Anderson