A Little Light Music er eit konsertalbum av Jethro Tull gjeve ut i 1992. Alle songane vart spelte inn under den europeiske A Little Light Music-turneen i mai 1992. Det er to versjonar av albumet. Den andre versjonen vart trykt i Italia og berre distribuert i Italia og Hellas. I denne andre versjonen deltar den greske songaren George Dalaras og syng ein duett med Ian Anderson på songen «John Barleycorn». Denne songen vart spelt inn på konserten som fann stad den 13. mai 1992.

Albumet nådde 34. plass på den britiske albumlista og 150. plass på albumlista i USA. I 2006 kom albumet i nymastra utgåve, men utan bonusspor.

Innhald

Medverkande Ian Anderson (fløyte, mandolin, munnspel, akustisk gitar, perkusjon, vokal) Martin Barre (elektrisk gitar, akustisk gitar) Dave Pegg (bass, mandolin) Dave Mattacks (trommer, klokkespel, perkusjon, keyboard)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Little Light Music» frå , den 19. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Jethro Tull-konsertar i 1992

Kategori:Konsertalbum av Jethro Tull Kategori:Konsertalbum frå 1992 Kategori:Chrysalis Records-album