Christopher «Chris» Stewart () er ein engelsk musikar, forfattar og gardbrukar. Han var den første trommeslagaren i Genesis.
Liv og virke Stewart gjekk på skulen med Tony Banks og Peter Gabriel og dei tre spelte i lag i skulebandet The Garden Wall, og danna seinare eit band i lag med skulevenene Mike Rutherford og Anthony Phillips, kalla Anon. Dette bandet utvikla seg til Genesis i januar 1967. Stewart er med på dei to første singlane til bandet, «The Silent Sun»/«That's Me» og «A Winter's Tale»/«One-Eyed Hound». Sjølv om det finst fleire demoar frå tida Stewart var med i Genesis på Genesis Archive 1967-75, er han ikkje tilskriven som trommis på nokre av desse. Peter Gabriel ser ut til å ha spelt trommer på nokre og resten er utan trommis.
Jonathan King, som produserte den første plata til bandet, bad Stewart om å slutte i bandet sommaren 1968 fordi han ikkje var god nok. Han vart erstatta av John Silver. Stewart slo seg ned og kjøpte ein gard i Alpujarras i Andalucia i Spania der han framleis bur og jobbar. I 2007 vart han kommunepolitikar her.Elecciones 27M | elmundo.es
Han har skrive sjølvbiografiane Driving Over Lemons: An Optimist in Andalucia (1999) og oppfølgjarane A Parrot In The Pepper Tree og The Almond Blossom Appreciation Society (2006) om gardsarbeidet sitt i Spania.
Han har skrive sjølvbiografiane Driving Over Lemons: An Optimist in Andalucia (1999) og oppfølgjarane A Parrot In The Pepper Tree (2002) og The Almond Blossom Appreciation Society (2006) om gardsarbeidet og livet sitt i Spania. Three Ways to Capsize a Boat: An Optimist Afloat tek for seg båtliv."Lemon prequel for Sort of Books" , The Bookseller, 9. januar 2009; henta 29. januar 2009.Three Ways to Capsize a Boat , Sort of Books; henta 2. september 2014.
Last Days of the Bus Club (2014) handlar om at dottera dreg vekk for å gå på universitet, og livet til han og kona på garden etterpå.Last Days of the Bus Club , Sort of Books. Henta 2. september 2014.
Verkliste 1999: Driving Over Lemons: An Optimist in Andalucia (ISBN 0-9535227-0-9) 2002: A Parrot In The Pepper Tree (ISBN 0-9535227-5-X) 2006: The Almond Blossom Appreciation Society (ISBN 0-9548995-0-4) 2009: Three Ways to Capsize a Boat: An Optimist Afloat () 2014: Last Days of the Bus Club ()
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chris Stewart (author)» frå , den 20. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Biografi
Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Genesis-medlemmar
ja:クリス・スチュワート