«The Knife» er ein song av det progressive rockebandet Genesis frå det andre albumet deira Trespass frå 1970. Han vart ofte spelt på konsertane til bandet dei første åra og eit konsertopptak finst på Genesis Live frå 1973). Han vart òg sporadisk spelt på konsertar heilt fram til 1982 (etter 1975 i ein forkorta versjon). Den første halvdelen av songen vart gjeven ut som singel i mai 1971 (med den andre halvdelen som B-side), men gjekk ikkje inn på singellistene.
Songen var uvanleg aggressiv for å vere Genesis på denne tida, då dei fleste songane deira bestod av dempa, akustiske songar med poetiske tekstar. Songen starta med eit hoppande, marsjliknande orgelriff med tungt forvrengd gitar og bass, og kaotisk tromming. Peter Gabriel sa han ønskte å skrive noko som hadde stemninga som «Rondo» av The Nice hadde. I teksten var Gabriel inspirert av ei bok om Gandhi, «wanted to try and show how all violent revolutions inevitably end up with a dictator in power».Michael Ostrich: Genesis Frequently Asked Questions List Version 2.6: 5.06 - What was the inspiration that created The Knife? October 31, 1999 (Internet Archive)
«The Knife» vart vanlegvis framført som ekstranummer. Under ein konsert i juni 1971 vart Peter Gabriel så riven med mot slutten av songen at han hoppa frå scenen og ut i publikum, og braut okla som følgje av dette.
Songen vart spelt som siste ekstranummer under «Six of the Best»-konserten i 1982, som var ei gjenforeining av den klassiske besetninga til Genesis.
Medverkande Tony Banks – orgel Peter Gabriel – solovokal, fløyte, perkusjon John Mayhew – trommer Anthony Phillips – gitar Mike Rutherford – bass
Bakgrunnsstoff
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Knife (song)» frå , den 24. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Genesis-songar Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Antikrigssongar Kategori:Songar skrivne av Peter Gabriel Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Anthony Phillips Kategori:Songar skrivne av Mike Rutherford Kategori:Songar produserte av John Anthony