Bilhorod-Dnistrovskyj (ukrainsk Білгород-Дністровський) er ein by og ein hamneby på høgrebreidda av Dnestr-limanen (ved Dnestr-estuaret og Svartehavet) i Odessa oblast (provins) sørvest i Ukraina i den historiske regionen Bessarabia. Byen er det administrative senteret i Bilhorod-Dnistrovskyj rajon.

Området der byen ligg i dag var ein koloni i Fønikia kalla Ofiusa og sidan ein gresk koloni kalla Tyras, som òg var namnet grekarane nytta for elva Dnestr. Austromarane kalla kolonien Asperon, Maurokastron, Leukopolis. På tyrkisk heitte byen Turla medan byen under Republikken Genova heitte Montecastro eller Asprokastron.

Byen vart ein del av Fyrstedømet Moldavia i 1359 og festninga vart utbygd i 1407 under Alexander den gode (Alexandru cel Bun) og i 1440 under Stefan den store.

Frå 1503 til 1918 og 1940-1941 heitte byen Akkerman og frå 1918 til 1944 hadde byen det rumenske namnet Cetatea Albă, som tyder det kvite citadellet, medan russarane omsette det til Bilhorod-Dnistrovskyj (Білгород-Дністровський) som tyder den kvite byen ved Dnestr.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bilhorod-Dnistrovskyi» frå , den 29. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Odessa oblast Kategori:Festningar i Ukraina Kategori:Byar i den greske antikken