Dette er ei oversikt over over mannskapet på «Fram» på den tredje «Fram»-ferda.

Desse ni gjekk i land og overvintra på ekspedisjonsleiren Framheim:

Roald Engelbregt Gravning Amundsen, leiar av ekspedisjonen og på Sydpolferda. Helmer Julius Hanssen, hundeførar og navigatør, deltok på Sydpolferda. Sverre Hassel, hundeførar og navigatør, deltok på Sydpolferda. Var og med på andre Framferda. Olav Olavson Bjaaland, skimakar, altmoglegmann, deltok på Sydpolferda. Oscar Wisting, navigatør, altmoglegmann, deltok på Sydpolferda. Kristian Prestrud, Leiar for sledeferda til Edward VII land. Fredrik Hjalmar Johansen, hundeførar, altmoglegmann, deltok på sledeferda til Edward VII land Jørgen Stubberud, snikkar, altmoglegmann, deltok på sledeferda til Edward VII land Adolf Henrik Lindstrøm, stuert, var åleine på Framheim i seks veker når dei andre var på ekspedisjon.

Desse var mannskap ombord i «Fram» på den vidare ferda:

Thorvald Nilsen, Oberstløytnant og nestkomanderande, Kaptein på «Fram» Hjalmar Frederick Gjertsen, andrestyrmann Ludvig Hansen, ispilot og altmoglegmann Martin Richard Rønne, Seglmakar og navigatør Andreas Beck, matros og ispilot, døydde ombord i «Fram» i mars 1914 Knut Sundbeck, maskinsjef Jacob Nödtvedt, andremaskinist, mønstra av i Buenos Aires september 1911, deltok og på andre Framferda Alexander Kutschin, oseanograf, mønstra av i Buenos Aires september 1911 Karinius Olsen, kokk og snikkar Halvardus K. Kristensen, tredje-, seinare andremaskinist. J. Andersen, matros, mønstra på i Buenos Aires januar 1911, mønstra av same stad september same år. A. Olsen, matros, mønstra på i Buenos Aires januar 1911 F. Steller, matros, mønstra på i Buenos Aires januar 1911 H. Halvorsen, matros, mønstra på i Buenos Aires januar 1911 Sandvig, stuert, avmønstra i Funchal på Madeira september 1910

Kjelder Tor Borch Sannes: Fram Norsk Maritimt Forlag A/S 1989

Kategori:Polarforsking Kategori:Roald Amundsen-ekspedisjonar