Boryslav (ukrainsk Борислав, polsk Borysław) er ein by ved elva Tysmenytsia (ei sideelv til Dnestr) i Lviv oblast (provins) vest i Ukraina. Byen har status som eit eige rajon (distrikt) i oblastet. Byen har kring 35 000 innbyggjarar (2011).

Nær byen ligg ruinane av ei rutensk festning. Byen er i dag eit senter for oljeindustrien.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Boryslav» frå , den 30. september 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Lviv oblast Kategori:Shtetlar