Kostopil (ukrainsk Костопіль, polsk Kostopol) er ein by, opphavleg kalla Ostlec Wielki eller Ostaltsi ved elva Zamtsjysko i Rivne oblast vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Kostopil rajon. Byen har kring 30 000 innbyggjarar.
Staden var opphavleg ein landsby ved ei lokal jerngruve i Polen. Han vart råka av ein bybrann i 1906. Byen var eit jødisk senter i mellomkrigstida fram til andre verdskrigen, då kring 40% (kring 4000) av innbyggjarane var jødar. Under krigen sette tyskarane jødane i ein ghetto, før dei fleste av jødane sidan vart utsletta.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kostopil» frå , den 1. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Rivne oblast Kategori:Shtetlar