Sarny (ukrainsk Сарни) er ein liten by i Rivne oblast (provins) vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Sarny rajon (distrikt) og eit trafikknutepunkt langs elva Slutsj i Ukraina.

Byen har kring 25 000 innbyggjarar.

Sarny var ein del av Kongedømet Halytsj-Volhynia og vart sidan annektert av Storhertugdømet Litauen, etterfølgd av Det polsk-litauiske samveldet. Frå 1795 var han ein del av Det russiske imperiet, men vart i 1921 ein del av Den andre polske republikken. Etter den sovjetiske invasjonen av Polen har byen høyrt til Ukraina.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sarny» frå , den 1. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Rivne oblast