Emisjon eller elektronemisjon er i fysikk det fenomenet at elektron under særskilde tilhøve blir frigjort frå overflata av eit stoff. Normalt vil elektrona vere bundne til stoffet av elektriske krefter, og må tilførast energi for å bli frigjort.

Sjå òg Emisjonsspekter, der foton vert emittert.

Kjelder emisjon – fysikk. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/emisjon/fysikk

Kategori:Elektromagnetisme