Michel Auguste Croz () var ein fransk fjellførar frå landsbyen La Tour i Chamonix-dalen. Under den såkalla gullalderen for fjellklatringa i Alpane gjorde han mange førsteklivingar av fjelltoppar i Vest-Alpane. Han vert særleg hugsa for sitt samarbeid med Edward Whymper, og for å ha vore ein av dei fire som omkom under nedstiginga av Matterhorn, same dagen dei hadde nådd toppen som dei fyrste.
Fyrstebestingar Grande Casse, saman med William Mathews og E. Favre, 8. august 1860 Castor, saman med F.W. Jacomb og William Mathews, 23. august 1861 Monviso, saman med F.W. Jacomb og William Mathews, 30. august 1861 Barre des Écrins, saman med Adolphus Moore, Horace Walker, Edward Whymper, Christian Almer den eldre og Christian Almer den yngre, 25. juni 1864 Mont Dolent saman med Anthony Reilly, Edward Whymper, Henri Charlet og Michel Payot, 9. juli 1864 Aiguille d'Argentière, saman med Anthony Reilly, Edward Whymper, Henri Charlet og Michel Payot, 15. juli 1864 Grand Cornier, saman med Edward Whymper, Christian Almer og Franz Biner, 16. juni 1865 Pointe Whymper på Grandes Jorasses, saman med Edward Whymper, Christian Almer og Franz Biner, 24. juni 1865 Moine-egga på Aiguille Verte, saman med Charles Hudson og T.S. Kennedy, i juli 1865 Matterhorn, saman med Frederick Douglas, Robert Hadow, Charles Hudson, Edward Whymper, Peter Taugwalder den eldre og Peter Taugwalder den yngre, 14. juli 1865
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Michel Croz» frå , den 8. oktober 2012.
Kategori:Franskmenn Kategori:Fjellklatrarar