Henry Augustus Rowland () var ein amerikansk fysikar.

Frå 1876 var han professor ved Johns Hopkins University i Baltimore. Rowland viste eksperimentelt i 1878 at ein elektrisk ladd lekam i rørsle gjev ein magnetisk verknad. Dette vert kalla Rowland-effekt og var eit resultat som var viktig for den teoretiske fysikken. Rowland var den første som laga optiske gitter med fleire hundre strekar per mm, ein prestasjon som med den dåverande teknikken var ganske eineståande.

Kjelder

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Optiske fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Fysikarar på 1800-talet