Finn Berstad () var ein norsk fotballspelar frå Bergen, som spela for Sportsklubben Brann og Noregs landslag. Mellom 1921 og -32 spela han 32 landskampar for Noreg. Han vart nordisk meister for Noreg 1929-32 og vann to NM-gull med Brann.
Aktiv Berstad byrja som angrepsspelar, for Brann spela han vanlegvis indre venstre, medan han på landslaget oftast var midtspiss, såkalla senterforward. Frå 1929 spela han i halfrekka på landslaget. Som høgrehalf var han i åra kring 1930, saman med Alexander Olsen og Jacob Berner, med i ei av dei beste halfrekkene/midtbanetrioen Noreg har stilt til kamp med Magnus Breili;Fotballboken s. 79.
Berstad var med då Brann tapte cupfinalen 1918 med 0-4 for FK Kvik frå Halden. Fem år seinare var han med då Bergens-klubben vann sitt fyrste NM-gull. Cupfinalen 1923 vart avvikla på Odd si grasbane i Skien, enda med 2-1-siger over Lyn. To år seinare, vart det nytt cupgull, etter 3-0 over Sarpsborg FK. Alexander Olsen gav då Brann leiinga i fyrste omgang, Berstad la på 2-0 og 3-0 i andre omgang. Berstad, omtala som ein «intelligent spiller»Magnus Breili;Fotballboken s. 79, var lagkaptein for Brann i begge dei sigerrike cupfinalane.
Berstad skåra 13 landslagsmål på sine 32 landskampar. To av måla kom i debuten mot Finland 25. mai 1921, men kampen enda med norsk tap 2-3. Han var kaptein i 22 av landskampane han spela. Den nordiske meisterskapen i fotball for 1929-32, enda med norsk siger.
Berstad er gravlagd i Gravdalspollen i Bergenhttp://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy.
Merittar Cupmeister 1923 og 1925 med Brann NM-sølv 1918 med Brann Nordisk meister 1929-32 for Noreg
Notar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Finn Berstad» frå , den 11. oktober 2012.
Magnus Breili:Fotballboken. 1967 Finn Berstad på fotball.no Gravstein over Finn Berstad
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Bergen