mini|300px|Antarktis og grensene kring, den antarktise konvergensen. Subantarktis er ein region på den sørlege halvkula, like nord for regionen Antarktis. Dette samsvarar om lag med breiddegradane mellom 46° og 60° sør for ekvator. Subantarktis omfattar mange øyar i dei sørlege områda av Indiahavet, Atlanterhavet og Stillehavet, særleg dei som ligg nord for Den antarktiske konvergensen. Subantarktiske isbrear ligg per definisjon på øyar i den subantarktiske regionen. Alle isbreane som ligg på kontinentet Antarktis er per definisjon rekna for å vere antarktiske isbrear.

Geografi Den subantarktiske regionen består av to geografiske sonar og tre særeigne frontar. Den nordlege grensa til Den subantarktiske regionen er den heller dårleg definerte subtropiske fronten (STF), òg kalla den subtropiske konvergensen. Sør for STF ligg ein geografiske sone kalla Den subantarktiske sonen (SAZ). Sør for SAZ ligg subantarktiske fronten (SAF). Sør for SAF ligg ein annan havsone kalla polarfrontsonen (PFZ). SAZ og PFZ dannar i lag Den subantarktiske regionen. Den sørlegaste grensa til polarfrontsonen (og derfor den sørlege grensa til Den subantarktiske regionen) er Den antarktiske konvergensen, som ligg kring 200 km sør for den antarktiske polarfronten (APF).

Påverknad frå Sørishavsstraumen og den termohaline sirkulasjonen 350px|mini|venstre|Figur som syner dei store havstraumane, med Sørishavsstraumen. I tillegg til den globale termohaline sirkulasjonen, påverkar denne havstraumen i stor grad det regionale og det globale klimaet. 350px|mini|Global termohalin sirkulasjon påverkar klimaet både i regionen og globalt. Dei blå pilene syner til djupvasstraumar, medan dei raude syner til overflatestraumar. Den subantarktiske fronten, som ligg mellom 48°S og 58°S i Indiahavet og Stillehavet og mellom 42°S og 48°S i Atlanterhavet, definerer den nordlege grensa til Sørishavsstraumen. Sørishavsstraumen er den viktigaste havstraumen i Sørishavet, og den eianste straumen som renn fullstendig kring jorda. Han renn austover gjennom dei sørlege områda av Atlanterhavet, Indiahavet og Stillehavet og knyter saman desse tre elles fråskilde havområda. Han strekkjer seg frå havoverflata og ned til djupner på 2000-4000 meter, og har ei breidde på opp mot 2000 km. Sørishavsstraumen transporterer meir vatn enn nokon annan havstraum. Sørishavsstraumen fører med seg opp mot 150 Sverdrup (150 millionar kubikkmeter per sekund), som svarar til 150 gonger vassvolumet i alle elvane i verda til saman. Sørishavsstraumen og den globale termohaline sirkulasjonen påverkar i stor grad klimaet både i regionen og globalg, samt det biologiske mangfaldet i sjøen her.

Ein annan faktor som medverkar til klimaet i Den subantarktiske regionen, men i mykje mindre grad enn den termohaline sirkulasjonen, er danninga av antarktisk botnvatn (ABW) av halotermal sirkulasjon. Den halotermale sirkulasjonen er den delen av den globale havsirkulasjonen som vert driven av tettleiksgradient skapt av overflatevarme og fordamping.

Defininsjon av subantarktis: politisk og vitskapleg mini|venstre|Figur som syner forskjellige vassmassar i Sørishavet. Fleire særeigne vassmassar konvergerer like i nærleiken av Den antarktiske konvergensen. Denne konvergensen skappar eit unikt miljø som er kjend for særs høg marin produktivitet, særleg for antarktisk krill. På grunn av dette vert alla landområda og farvatna sør for Den antarktiske konvergensen rekna for å høyre til Antarktis frå eit klimatologisk, biologisk og hydrologisk synspunkt. Teksten i Antarktistraktaten, pargraf 6 («Område dekte av traktaten») seier: «Avtalen gjeld for alle landområde og isbremmar sør for 60 grader 00 minuttar sør.» Derfor vert Antarktis politisk sett definert som alle landområde og isbremmar sør for 60 °S breidde.

Subantarktiske øyar

mini|Antarktis og kringliggjande øyar. mini|Tre veks langs nordkysten av Beagle Channel, 55°S. Tristan da Cunha-gruppa, Île Amsterdam, Île Saint-Paul og Gough Island er alle isolerte vulkanøyar som ligg mellom 37° - 40° sør for ekvator, like sør for dei sørlege hestebreiddene. Fordi dei ligg så langt nord for Den antarktiske konvergensen og har eit relativt temperert klima, vert dei som regel ikkje rekna med til dei subantarktiske øyane.

Mellom 46° og 50° sør for ekvator, i regionen som ofte vert kalla Roaring Forties (dei brølande vestavindane), ligg Crozetøyane, Prince Edwardøyane, Bountyøyane, Snaresøyane, Kerguelen, Antipodøyane og Aucklandøyane. Desse øyane, som alle ligg nær Den antarktiske konvergensen (om lag den nordlege grensa til Den subantarktiske regionen), vert rekna med til dei subantarktiske øyane.

Mellom 51° og 56° sør for ekvator, ligg Falklandsøyane, Estados-øya, Ildefonso-øyane, Diego Ramírez-øyane, og andre øyar knytte til Eldlandet og Kapp Horn. Desse ligg nord for Den antarktiske konvergensen i regionen som ofte vert kalla Furious Fifties (dei rasande vestavindane). I motsetnad til andre subantarktiske øyar, har desse øyane trevekst, tempererte grassletter (hovudsakleg tussokgress), og til og med dyrkbar mark. Dei har heller ikkje tundra eller permanent snø og is i lågareliggande område. Trass i at dei ligg langt sør, er det omdiskutert om desse øyane skal reknast med til dei subantarktiske øyane fordi klimaet og geografien skil seg så mykje frå andre subantarktiske øyar.

Mellom 52° og 57° sør for ekvator ligg Campbelløyane, Heard- og McDonaldøyane, Bouvetøya, Sør-Georgiaøyane, Macquarieøya og Sør-Sandwichøyane òg i Furious Fifties-beltet. Geografien på desse øyane er særprega av tundra, permafrost og vulkanar. Desse øyane ligg sør for Den antarktiske konvergensen, men nord for 60 °S (som er grensa til Antarktis i følgje Antarktistraktaten). Så sjølv om dei ligg langt sør for Den antarktiske konvergensen, så vert dei likevel rekna som subantarktiske øyar fordi dei ligg nord for 60 °S.

Mellom 60° og 69° sør for ekvator finn ein Sør-Orknøyane, Sør-Shetlandsøyane, Ballenyøyane, Scott Island og Peter I Øy som alle er ordentlege antarktiske øyar av tre årsaker: dei ligg alle sør for Den antarktiske konvergensen dei ligg alle i Sørishavet dei ligg alle sør for den 60. breiddegrad (i regionen ofte kalla Screaming Sixties (dei skrikande vestavindane))

Med dette i tankane er dei subantarktiske øyane: Øygruppe Koordinatar Ocean Claimed by Antipodøyane Stillehavet New Zealand Aucklandøyane Stillehavet New Zealand Bountyøyane Stillehavet New Zealand Bouvetøya Atlanterhavet Noreg Campbelløyane Stillehavet New Zealand Crozetøyane (fransk Îles Crozet eller offisielt Archipel Crozet) Indiahavet Frankrike Heard- og McDonaldøyane (HIMI) Indiahavet Australia Kerguelen Indiahavet Frankrike Macquarieøya Stillehavet Australia Prince Edwardøyane Indiahavet Sør-Afrika Sør-Georgiaøyane Atlanterhavet Storbritannia Sør-Sandwichøyane Atlanterhavet Storbritannia Snaresøyane Stillehavet New Zealand

Subantarktiske isbrear

Dette er ei liste over isbrear i subantarktis. Denne lista inneheld eit snøfelt (Murray snøfelt). Snøfelt er ikkje strengt tatt isbrear, men ein finn dei ofte i akkumulasjonssonen eller føre isbrear. For denne lista er Antarktis definert som alle breidder sør for 60°. right|mini|300px|Satellittbilete av sørenden av Heardøya. Cape Arkona er til venstre på biletet med Liedbreen like ovanom og Gotleybreen like nedanfor. Big Ben og Mawson Peak ligg nedst til høgre på biletet. mini|300px|right|Satellittbilete av det sentrale Sør-Georgia: Harkerbreen, Cumberland Bay, Thatcher Peninsula, Allardyce Range, Mount Paget. mini|300px|right|Neumayerbreen, Cumberland West Bay, Sør-Georgia, kring 1882. mini|300px|right|Neumayerbreen, Cumberland West Bay, Sør-Georgia, kring 1882. mini|300px|right|Nordenskjöldbreen, Cumberland Bay, Sør-Georgia. Namn på breen Koordinatar Lengd eller (breidde) Stad Abbotsmithbreen 4.8 km Heardøya Allisonbreen Heardøya Austinbreen Sør-Georgiaøyane Barybreen Sør-Georgiaøyane Baudissinbreen (2.8 km) Heardøya Bertrabbreen «liten» Sør-Georgiaøyane Bogenbreen «liten» Sør-Georgiaøyane Briggsbreen Sør-Georgiaøyane Brøggerbreen 13 km Sør-Georgiaøyane Brownbreen Heardøya Brunonia Glacier Sør-Georgiaøyane Buxtonbreen Sør-Georgiaøyane Challengerbreen Heardøya Christensenbreen Sør-Georgiaøyane Christensenbreen Bouvetøya Christophersenbreen Sør-Georgiaøyane Claytonbreen Sør-Georgiaøyane Comptonbreen Heardøya Cookbreen Sør-Georgiaøyane Creanbreen 6 km Sør-Georgiaøyane Deacockbreen Heardøya Dead End-breen Sør-Georgiaøyane Downesbreen Heardøya Ealeybreen Heardøya Eclipsebreen Sør-Georgiaøyane Esmarkbreen Sør-Georgiaøyane Fiftyonebreen Heardøya Fortunabreen Sør-Georgiaøyane Geikiebreen Sør-Georgiaøyane Gotleybreen 13.2 km Heardøya Graaebreen 3.2 km Sør-Georgiaøyane Gracebreen Sør-Georgiaøyane Hambergbreen Sør-Georgiaøyane Harkerbreen Sør-Georgiaøyane Harmerbreen Sør-Georgiaøyane Heaneybreen Sør-Georgiaøyane Hellandbreen Sør-Georgiaøyane Henningsenbreen Sør-Georgiaøyane Herz Glacier Sør-Georgiaøyane Hindlebreen 10 km Sør-Georgiaøyane Hodgesbreen Sør-Georgiaøyane Horntvedtbreen Bouvetøya Jackabreen 1.3 km Heardøya Jenkinsbreen Sør-Georgiaøyane Jewellbreen Sør-Georgiaøyane Keilhaubreen 8 km Sør-Georgiaøyane Kjerulfbreen Sør-Georgiaøyane Königbreen Sør-Georgiaøyane Lancingbreen Sør-Georgiaøyane Lewaldbreen Sør-Georgiaøyane Liedbreen Heardøya Lucasbreen Sør-Georgiaøyane Lyellbreen Sør-Georgiaøyane Mary Powellbreen Heardøya Morrisbreen Sør-Georgiaøyane Murray snøfelt Sør-Georgiaøyane Nachtigalbreen Sør-Georgiaøyane Neumayerbreen 13 km Sør-Georgiaøyane Nordenskjöldbreen «stor» Sør-Georgiaøyane Novosilskibreen 13 km Sør-Georgiaøyane Pagetbreen 6 km Sør-Georgiaøyane Petersbreen Sør-Georgiaøyane Philippibreen Sør-Georgiaøyane Posadowskybreen Bouvetøya Pricebreen Sør-Georgiaøyane Purvisbreen Sør-Georgiaøyane Quenselbreen «liten» Sør-Georgiaøyane Ristingbreen Sør-Georgiaøyane Rossbreen 10 km Sør-Georgiaøyane Ryanbreen Sør-Georgiaøyane Salomonbreen Sør-Georgiaøyane Schmidtbreen Heardøya Schraderbreen Sør-Georgiaøyane Spenceleybreen Sør-Georgiaøyane Stephensonbreen Heardøya Storeybreen Sør-Georgiaøyane Twitcherbreen 6 km Sør-Georgiaøyane Tyrrellbreen Sør-Georgiaøyane Vahselbreen Heardøya Webb-breen 3.2 km Sør-Georgiaøyane Weddellbreen 3.2 km Sør-Georgiaøyane Wheelerbreen 3.2 km Sør-Georgiaøyane Winstonbreen Heardøya

Sjå òg Geografiske ytterpunkt i Antarktis Isbrear

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Subantarctic» frå , den 14. oktober 2012.

Litteratur

Bakgrunnsstoff

U.S. Geological Survey, Atlas of Antarctic Research

Kategori:Geografi i Sørishavet Kategori:Antarktisk geografi