Ojibwe er eit algonkinsk språk som blir snakka i dei nordlege delane av USA og i sørvestre Canada. Ojibwe blir snakka av litt over 50 000 (av 200 000 ojibwefolk), og det er dermed eit av dei største indianarspråka i USA.
mini|venstre|Fordeling av ojibwe-talarar; kart frå 2007
Skriftspråk
Ojibwe blir skrive med fleire ulike ortografiar og skriftsystem. Det vanlegaste skriftsystemet er basert på det latinske alfabetet, og markerer lange vokalar med å skrive doble vokalsymbol, slik det også blir gjort i finsk. Dette systemet blir kalla Fiero-systemet, etter Charles Fiero, men opphavet til systemet ligg i Leonard Bloomfield sine publikasjonar, t.d. Eastern Ojibwa. Eit anna latinsk-basert system er saulteaux-cree-systemet. Her er vokallengde markert med makron (ã) eller cirkumfleks (â).
I Canada, særleg i Ontario og Manitoba, blir austleg ojibwe skrive med ein ojibwe-versjon av det kanadiske stavingsalfabetet.
mini|400px|none|Ojibwe-stavingsalfabet
Grammatikk
Fonologi
Ojibwe har tre korte og fire lange vokalar. Dei korte vokalane er [ɪ o ə] og dei tilsvarande lange er [iː oː aː], i tillegg er det ein lang vokal som ikkje har kort parallell, [eː].
Ojibwe har 17 eller 18 konsonantar.
Lukkelydar: p, b, t, d, tʃ, dʒ, k, g, ʔ Frikativar: s, z, ʃ, ʒ, h Nasalar og approksimantar: m, n, j, w
Kontrasten mellom lukkelydane er i fleire dialektar meir ein opposisjon aspirert - uaspirert (pʰ / p) enn stemt - ustemt.
Ojibwe har få konsonantgrupper, og dei fleste av dei er ordinternt.
Morfologi
Substantiv i ojibwe er delt i to grupper, animate og inanimate.
Bakgrunnsstoff Ojibwe Grammar Material Ojibwe morfologisk analyseprogram
Kategori:Algonkinske språk Kategori:Språk i USA Kategori:Språk i Canada Kategori:Einskildspråk