Bob Island er ei klipperik øy som er 1 nautiske mil lang og 145 meter høg. Ho ligg 4 nautiske mil søraust for Cape Errera på Wiencke Island i Antarktiske Arkipel. Ei øy i dette området vart kartlagd og fotografert av Belgica-ekspedisjonen (BelgAE) under Gerlache i 1898. Ho vart opphavleg kalla «Ile Famine», men i rapportane etter ekspedisjonen var over vart ho kalla «Ile Bob». I ei landmåling av området i 1955 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) gjekk dei i land på øya. Sjølv om posisjon og storleiken er noko forskjellige frå det BelgAE rapporterte. FIDS rekna derimot med at det var denne øya BelgAE fotograferte.

Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar

Kjelder

Kategori:Øyar i Antarktiske Arkipel