Enterprise Island, Isla Lientur, Isla Nansen Norte eller North Nansen Island er ei øy som ligg ved nordaustenden av Isla Nansen Sur i Wilhelmina Bay, utanfor vestkysten av Graham Land. I dag vert øya ofte vitja av cruiseskip i Antarktis.
Enterprise Island og Isla Nansen Sur (Nansenøya) vart først kartlagde som ei enkel øy og kalla «Île Nansen» av Belgica-ekspedisjonen under Adrien de Gerlache i 1898. Øyane vart godt kjende for kvalfangarar i området tidleg i 1900-åra og namna North Nansen Island og South Nansen Island vart nytta for å skilje dei. Sidan Isla Nansen Sur no har vorte nytta om den større øya, vart det nye namnet Enterprise Island gjeve til den mindre øya av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC), til minne om kvalfangstverksemda (verksemd er enterprise på engelsk) som ankra opp på sørsida av øya ved Foyn Harbor, eit stort senter for kvalfangstindustrien i området i 1916-1930. Foyn Harbor vart kartlagd av T. W. Bagshawe og M. C. Lester i 1921-22. Ho vart namngjeven av kvalfangarane etter kvalkokeriet Svend Foyn, som låg her 1921-22.
Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S Isla Nansen Sur SCAR kravområde i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Enterprise Island» frå , den 22. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff Turskildring og bilete ved Enterprise Island Foyn Harbor
Kategori:Øyar i Graham Land Kategori:Danco Coast