Gremlin Island er ei lita klipperik øy som ligg like nordvest for tuppen av Red Rock Ridge, utanfor vestkysten av Graham Land i Antarktis. Ho vart først kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition under Rymill. Øya vart nytta som eit depot av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948–49, og fekk dette namnet av dei fordi ein rasjonsboks som vart plassert der forsvann på mystisk vis. Gremlin er eit engelsk ord for ein nisseliknande skapning.

Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar

Kjelder

Kategori:Øyar i Graham Land Kategori:Fallières Coast