Turn It On Again: The Hits er eit samlealbum av det britiske bandet Genesis. Albumet vart først gjeve ut som eit enkelt album den 26. oktober 1999 av Virgin Records i England og av Atlantic Records i USA.

I 2007 vart ei dobbelplateutgåve kalla The Tour Edition gjeve ut for å marknadsføre Turn It on Again-turneen. Alle songane utanom «The Carpet Crawlers 1999» vart miksa på nytt av Nick Davis. I tillegg inneheld albumet fleire songar frå alle albuma i katalogen til bandet (utanom From Genesis to Revelation). I tillegg til dobbel-CDen vart det gjeve ut ein versjon med to CDar og to DVDar, som inkluderte DVDane The Video Show og When in Rome.

Sjølv om dei fleste songane er frå Phil Collins-tida i bandet (1976–1992), strekkjer samlinga seg attende til «I Know What I Like (In Your Wardrobe)» frå Selling England by the Pound i 1973, den einaste songen frå Peter Gabriel-åra. Ei nyinnspeling av «The Carpet Crawlers» med Gabriel, Collins og Steve Hackett som vart spelt inn i 1999, er derimot òg med på albumet.

Då det kom ut nådde det fjerdeplassen på den britiske albumlista og 65. plass i USA, der ho selde til gullplate.

Den doble utgåva frå 2007 vart òg populær og nådde 5. plass på den britiske albumlista.

Dei sju bokstavane i Genesis-logoen på omslaget er henta frå forskjellige plateomslmag opp gjennom åra. Desse er: «G» frå ...And Then There Were Three... «E» frå We Can't Dance «N» frå Calling All Stations «E» frå The Lamb Lies Down On Broadway «S» frå Duke «I» frå Genesis «S» frå Invisible Touch

Innhald Originalalbum

The Tour Edition Disc 1

Disc 2

Lister Album Liste (1999)PlasseringAusterrisk Topp 7510Belgia (Flanders) Top 100 Albums24Belgia (Wallonia) Top 100 Albums26Kanadisk Top 100 CDs28Tyskland1New Zealand Top 40 Albums15Noreg1Sverige15UK Albums ChartDavid Roberts British Hit Singles and Albums, Guinness World Records Limited4US Billboard 20065 Liste (2003)PlasseringNederland9

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Turn It On Again: The Hits» frå , den 22. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Samlealbum frå 1999 Kategori:Album produserte av Nick Davis Kategori:Album produserte av Hugh Padgham Kategori:Album produserte av Trevor Horn Kategori:Album produserte av David Hentschel Kategori:Genesis-album Kategori:Doble samlealbum Kategori:Virgin Records-album Kategori:Atlantic Records-album