Terra Firma Islands er ei lita øygruppe som ligg 8 nautiske mil (15 km) nord for Cape Berteaux, utanfor vestkysten av Graham Land i Vest-Antarktis. Ho vart grovt kartlagd av British Graham Land Expedition (BGLE) i 1936. Namnet «Terra Firma Island» vart nytta om den største øya (Alamode Island), fordi eit depotlaget til BGLE slo leir her etter at havisen braut opp. Sidan vart namnet Terra Firma Islands nytta om heile gruppa.
Terra Firma Islands er det sørlegaste punktet i verda der det veks gras (antarktisk hårgras) og blomar (antarktisk perleurt) naturleg.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Terra Firma Islands» frå , den 23. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Graham Land Kategori:Fallières Coast