Bruvik er ei bygd i Osterøy kommune i Vestland fylke. Bygda ligg på sørkysten av Osterøy. Bruvik var senter for ein eigen kommune frå 1870 til 1964.
Bruvik kommune 1870 - 1964 Bruvik var opphavleg ein del av Haus (Arna) formannskapsdistrikt.
Haus vart delt i to og Bruvik skilt ut som eigen kommune 1. januar 1870.
1. januar 1964 skifta Bruvik kommune namn til Vaksdal kommune og fekk Bergsdalen og Eksingadalen frå Evanger og Modalen kommunar innlemma i seg.
Samstundes vart sjølve Bruvikbygda frådelt, og denne utgjer den nye Osterøy kommune, saman med dei delane av Haus, Hosanger og Hamre som låg på Osterøya.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for tidlegare Bruvik kommune frå 1920 til 1964: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Bruvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1964 4091 4668 5152 5572 5796 5673
Sjå òg M/S «Bruvik», eit passasjerskip
Kjelder
Bakgrunnsstoff bruvikbygda.no
Kategori:Bygder i Vestland Kategori:Busetnader i Osterøy Kategori:Historie i Osterøy Kategori:Geografi i Vaksdal Kategori:Historie i Vaksdal Kategori:Tidlegare kommunar i Hordaland Kategori:Norske kommunar skipa i 1870 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964