mini|Takmåleri i Flistad kyrkje frå 1747. Adam og Eva i hagen i Eden med Gud markert som JHVH.
Hagen i Eden (hebraisk גַּן עֵדֶן, Gan ʿEdhen) er ein sæl hage som ifølge den jødiske og kristne skapingsforteljinga blei skapt av Gud for dei første menneska, Adam og Eva. Han er særleg skildra i Første Mosebok. Forteljinga om hagen endar med at Adam og Eva et av kunnskapstret midt i hagen, og blir forviste derfrå.
Staden blir også likna med eit komande Paradis eller eit «nytt Israel» i seinare tekstar. Innan islam blir paradiset ein kan oppnå etter døden kalla Jannat ‘Adn (جنة عدن), 'Hagen i Eden' eller berre Jannah, 'Hagen'. Rabbanittisk jødedom skil derimot mellom eit jordisk og eit himmelsk eden. I kristen teologi er syndefallet ein sentral del av forteljinga om hagen i Eden.
mini|The Garden of Eden (rundt 1860). Måleri av Erastus Salisbury Field. Ordsoge Opphavet til namnet «Eden» er omstridd. Ei truleg forklaring er at det kjem frå semittisk ˁdn som tyder 'grøderik' eller 'velvatna'. Namnet liknar også nyare hebraiske ord som tyder 'ynde, vellyst'. Ei anna forklaring er at det stammar frå akkadisk edinnu som tyder 'slette'.
Forteljinga
Første Mosebok fortel at Gud skapte ein fruktbar hage til menneskja og sette dei til å dyrka og passa han. Dei blei formante om å ikkje eta frukt av kunnskapstreet som stod midt i hagen. Den listige slangen lokkar likevel kvinna til å eta frukta, slik at ho kan «bli som Gud og kjenna godt og vondt.» Eva gav vidare frukt til Adam. Frukta gjorde at dei forstod at dei var nakne, og dei kledde seg med fikenblad.
Gud oppdaga at Adam og Eva hadde ete av treet. Slangen og menneska blei forbanna, og Adam og Eva blei forviste. Hagen i Eden og livsens tre blei sett vakt over av kjerubar med flammande sverd.
Plassering Det er gjort fleire forsøk på å plassera hagen i Eden geografisk. I Første Mosebok blir det fortald at elva som gjev vatn til hagen deler seg i fire: Pisjon, Gihon, Hiddekel og Eufrat. Pisjon er ofte blitt identifisert med Nilen, men Josefus meinte elva var Ganges. Gihon er ofte blitt tolka som Karkheh eller Karun, to elver som deler utløp med Eufrat og Tigris i Iran. Hiddekel er Tigris, medan Eufrat er kjend til våre dagar.
Stader som Babylonia, seinare kjend for sine grøderike hengande hagar, fjella i Armenia, Dilmun i Bahrain og «ei slette i aust» er populære plasseringar av hagen i Eden.
Sjå òg Dilmun Gullalder Jannah Lilith
Bakgrunnsstoff Mennesket i Edens hage i Første Mosebok
Kjelder
Kategori:Det gamle testamentet Kategori:Stader i Bibelen