USS «Williamsburg» var ein kanonbåt i US Navy, og sidan ein privat yacht som tente som presidentyacht frå 1945 til 1953.

Skipet vart bygd i stål som «Aras», og vart sjøsett 8. desember 1930. US Navy tok over skipet den 24. april 1941, og kalla det «Williamsburg». Fartøyet vart no ombygd til kanonbåt av Brewer Drydock and Repair Co., i Brooklyn i New York. Etter ombygginga i 1941 tente «Williamsburg» i Nord-Atlanteren under andre verdskrigen.

Etter krigen vart "Williamsburg" presidentskip og fekk namnet AGC-369. Dei neste åra tente fartøyet to presidentar, Harry S. Truman og Dwight D. Eisenhower, og var i drift fram til 1953 før det gjekk attende til marinen. Skipet vart omsider stroke frå lista til US Navy i april 1962.

«Williamsburg» vart overført til National Science Foundation 9. august 1962, og vart ombygd frå presidentyacht til oseanografisk forskingsfartøy ved Woods Hole Oceanographic Institute. Skipet fekk no namnet «Anton Bruun» etter den kjende danske marinbiologen. Skipet hadde ti tokt i Indiahavet, og seinare fleire tokt i Sørishavet i området kring Humboldtstraumen. I 1968 skulle skipet reparerast, men fekk store skadar då tørrdokken brått sokk. Skipet vart reparert og var i mange år restaurantskip ved Salem River i New Jersey. I 1993 vart skipet seld til Italia, og planen var å bygge om skipet til eit luksuriøst cruiseskip, men dette vart aldri noko av og skipet ligg i dag i opplag i La Spezia

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «USS Williamsburg (AGC-369)» frå , den 25. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Photographs from Truman Presidential Collection Article on presidetial yachts @ Hazegray.org Entry @ Navsouce.org On The Water Boats and Ships USS Williamsburg Preservation Society, Inc. - Listing @ Historical Naval Ship Organization official website Kirilloff & Associates, Inc. official website Dream Boat

Kategori:USA-amerikanske presidentskip Kategori:Skip frå 1930