Tim Cappello (), òg kalla Timmy Cappello, er ein USA-amerikansk multi-instrumentalist, komponist og vokalist. Han er hovudsakleg kjend som saksofonist for Tina Turner i 1980- og 1990-åra, og for framføringa i vampyrfilmen The Lost Boys frå 1987.
Han er kjend for den muskulæse kroppen, dei utfordrande rørslene når hans pelar og tendensen til å spele utan skjorte, med huden olja inn og håret i ein hestehale.
Karriere
Cappello starta karrieren med å turnere for artistar som musikaren Eric Carmen og komikaren Billy Crystal. Han spelte saksofon for Peter Gabriel på albuma Peter Gabriel (1977) og Peter Gabriel (1978) i tillegg til at han turnerte med Gabriel. Cappello turnerte òg med Garland Jeffreys i 1978, og spelte både saksofon og klaverinstrument. Etter å ha kjempa mot heroinmisbruk, kvitta Capello seg med problemet og byrja med kroppsbygging i 1980. Cappello turnerte med Carly Simon seinare same året, og spelte ein gong på scenen i ein g-streng i lær, i tillegg til kjetting og hundeband.
Frå 1981 til 1982 fronta Cappello sitt eige popband i New York City kalla The Ken Dolls Cappello hadde ein seksuell sceneframtreden som vart vidare dyrka med The Ken Dolls - ein stil som vart kalla «porn pop», Cappello var kjend for å spele i g-streng.
I 1984 vart Cappello hyrt av Tina Turner som klaverspelar og saksofonist. Han spelte i studio og på turné med ho i mange år, og han er å høyre på Turner-songar som «We Don't Need Another Hero» og «One of the Living» frå Mad Max Beyond Thunderdome (1985) og var med i musikkvideoane til begge desse. Cappello spelte på filmmusikkalbumet What's Love Got to Do with It i 1993, og spelte saksofon og song Ike Turner-sine vokalparti i ein oppdatert versjon av songen «Proud Mary». Cappello turnerte med Ringo Starr i 1992 og 1999 som medlem av hans All-Starr Band.
Utsjånaden til Cappello skaffa han roller på fjernsyn og filmar. I 1987 hadde han eit musikalsk innslag i filmen filmen The Lost Boys der han song og spelte saksofon på ein coverversjon av songen «I Still Believe» av The Call. Som skodespelar har han vore med i fjernsynsshowa The Equalizer og Miami Vice i 1987, og i filmane Hearts of Fire med Bob Dylan i 1987 og Tap med Gregory Hines i 1989.
Cappello har skrive musikk for film og fjernsyn, mellom anna for Radium City i 1987.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tim Cappello» frå , den 23. april 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Timmy Cappello offisiell nettstad
Kategori:USA-amerikanske saksofonistar Kategori:Folk frå White Plains i New York Kategori:Ringo Starr & His All-Starr Band-medlemmar