Catherine «Kate» Bush () er ein engelsk songar-låtskrivar, musikar, dansar og plateprodusent. Sidan debuten i 1978 har ho vore kjend for ein eklektisk musikkstil som blandar rock, folkemusikk og klassisk musikk, ein særeigen, falsettprega vokal og ein eigen visuell stil prega av mimikk og moderne dans."Kate Bush". NE.se. Henta 5. september 2014.
Bush blei den første kvinnelege artisten til å nå toppen av den britiske singellista med ein sjølvskriven song då debutsingelen hennar «Wuthering Heights» låg på førsteplassen i fire veker. Ho har sidan gjeve ut tjuefem singlar som nådde den britiske topp 40-lista, mellom dei topp ti-hittane «The Man with the Child in His Eyes», «Babooshka», «Running Up That Hill», «Don't Give Up» (med Peter Gabriel) og «King of the Mountain». Ho har gjeve ut ti studioalbum som alle nådde topp 10-lista i Storbritannia. Med albumet Never for Ever frå 1980 vart Bush den første britiske kvinnelege artisten som toppa den britiske albumlista og den første kvinnelege artisten som gjekk rett inn på førsteplassen. Ho er òg den første (og einaste) kvinnelege artisten som har hatt Topp 5-album på den britiske albumlista i fem tiår på rad.
I 1987 vann Bush Brit Award, den britiske spellemannsprisen, for beste britiske kvinnelege artist, og i 2002 fekk ho Ivor Novello-prisen for bidraga sine til britisk musikk. I løpet av karrieren sin har ho vore nominert til tre Grammy-prisar. I 2014 blei ho gjeven den kongelege ordenen Commander of the Order of the British Empire (CBE). I oktober 2017 blei det annonsert at ho var ein av ei nominerte til å takast med i Rock and Roll Hall of Fame i 2018.
Bakgrunn Kate Bush blei fødd i Bexleyheath i Kent, som dotter av den engelske legen Robert Bush (1920–2008) og irske Hannah Daly (1918–1992). Ho fekk ei katolsk oppseding saman med dei eldre brørne John og Paddy i den urbane landsbyen East Wickham ved Welling.
Familien til Bush var interessert i musikk, dans og kunst. Mor hennar dreiv med irsk folkedans og faren var amatørpianist. Begge brørne var knytte til det lokale folkemusikklivet, og Paddy var ein instrumentmakar medan John dikta og fotograferte. Den musikalske påverknaden frå familien fekk Bush til å læra seg sjølv å spela piano som elleveåring. Ho spelte også orgel i løa bak huset deira, og lærte å spela fiolin. Ho byrja å laga eigne musikkstykke, etterkvart også med sjølvskrivne tekstar.
Kate og John lærte også karate ved Goldsmiths College. Kate blei kjend som «Ee-ee» i karateklubben på grunn av dei høge kiaiskrika sine. Ein av instruktørane, Dave Hazard, skreiv seinare at han meinte danserørslene hennar hadde noko påverknad frå karate.
Karriere 1975–1977: Byrjing mini|Puben The Rose of Lee eller Dirty South, der Kate Bush ofte opptredde med KT Bush Band. På midten 1970-talet var Bush elev ved den katolske jenteskulen St Joseph's Convent Grammar School ved Woolwich Road i Abbey Wood i Søraust-London. På denne tida hjelpte familien henne med å laga ein demoteip med over 50 av komposisjonane sine, men denne blei forkasta av plateselskap. David Gilmour frå Pink Floyd fekk demoen av Ricky Hopper, som var venn av både han og familien Bush. Gilmour var imponert av det han høyrde og hjelpte seksten år gamle Bush med å skapa ein meir profesjonell demoteip som ville bli lettare å selja til plateselskapa. Til saman blei tre spor spelte inn som Gilmour betalte for. Teipen blei produsert av ein venn av Gilmour, Andrew Powell, som også kom til tidsskå produsera dei to første albuma til Bush, og lydteknikaren Geoff Emerick, som hadde arbeidd med The Beatles. Demoen blei send til Terry Slater ved EMI., opphavleg gjeve ut i Slater tykte om demoen og skreiv kontrakt med henne. EMI-direktøren Bob Mercer meinte ho ikkje var klar til å gje ut eit album enno, og Bush fekk gjera lite innspelingsarbeid dei første to åra. Ho fekk likevel eit nokså stort forskot frå EMI, og brukte pengane til å studera moderne dans (interpretive dance) hjå Lindsay Kemp, som også hadde lært opp David Bowie, og miming hjå Adam Darius.
Bush hadde no skrive nær 200 songar, og laga demoar av dei. Nokre av desse finst på uoffisielle opptak kjend som Phoenix Recordings. Frå mars til august 1977 var ho frontfigur for KT Bush Band på pubar i London, særleg på Rose of Lee (seinare Dirty South) i Lewisham. Dei andre tre medlemmane av gruppa var Del Palmer (bass), Brian Bath (gitar) og Vic King (trommer).
1978–1979: The Kick Inside og Lionheart
I august 1977 byrja Bush å spela inn sitt første album, The Kick Inside (1978). To spor, «The Saxophone Song» og «The Man with the Child in His Eyes», kom frå demoane som ho allereie hadde spelt inn sommaren 1975. Bush blei overtalt til å bruka etablerte studiomusikarar i staden for KT Bush Band. Ho fortsette å arbeida med nokre av desse også etter at ho tok bandmedlemmane sine tilbake. Bror hennar Paddy spelte munnspel og mandolin, medan han på seinare album kom til å spela meir eksotiske instrument som balalaika og didgeridoo. Stuart Elliott spelte trommer på nokre av opptaka, og kom til å bli hovudtrommespelaren hennar på seinare album.
Då The Kick Inside kom ut var Bush 19 år, men hadde skrive nokre av songane då ho var 13. EMI ville først ha det rockete sporet «James and the Cold Gun» som debutsingelen hennar, men Bush insisterte på å ha «Wuthering Heights». Allereie så tidleg i karrieren sin blei ho kjend for å vera bestemt på å ha innverknad på korleis verket hennar blei presentert. «Wuthering Heights» blei ein internasjonal hit som nådde toppen av dei britiske og australske singellistene. Han var den første og einaste førsteplassen hennar på den britiske singellista. Den neste singelen, «The Man with the Child in His Eyes», nådde sjetteplassen. Denne nådde også 85. plass på amerikanske Billboard Hot 100, og vann henne ein Ivor Novello-pris for «Outstanding British Lyric» i 1979.
Seint i 1978 overtalte plateselskapet Bush til å spela inn eit oppfølgjaralbum ganske raskt. Lionheart blei eit verk Bush seinare uttrykte misnøye med, fordi ho ville likt meir tid til å gjera det skikkeleg ferdig. Albumet blei produsert av Andrew Powell med innspel frå Bush. Sjølv om det hadde fleire hitsinglar, som «Wow», fekk det ikkje den same positive mottakinga som det første albumet hennar. Det nådde sjetteplassen på den britiske albumlista. Bush var misnøgd med å bli tvinga til å laga det andre albumet sitt så raskt. Ho skipa sitt eige utgjevingsselskap, Kate Bush Music, og kontrollselskapet Novercia for å halda kontroll over verket sitt. Bush og medlemmar av familien hennar danna leiinga av selskapet.
Etter at albumet kom ut kravde EMI at Bush skulle promotera det og turnera. Turneen, seinare kjend som The Tour of Life, byrja 2. april 1979 og varte i seks veker, til 13. mai. Førestillingane inkluderte magikaren Simon Drake, som var med på å utforma dei. Typisk for Bush sitt ønske om å ha kreative kontroll var ho involvert i alle aspekta rundt produksjonen - koreografi, utforminga av kulissar og hyring av staben. Konsertane hadde kompleks lyssetting, og Bush bytta kostyme 17 gonger, for å spela ulike roller frå songane sine. Ho dansa medan ho song, og fekk lydteknikarane sine til å laga ein trådlaus mikrofon av ein radiomikrofon og ein metallkleshengjar. Turneen var ein suksess, men var prega av dødsfallet til lysteknikaren Bill Duffield ved ei fallulukke. I tillegg var arbeidet utmattande for Bush, og ho lét vera å turnera i ei årrekkje. Mange grunnar kan ha medverka til dette. Vanskane med å oppnå full kreativ har vore nemnd. Ei sterk redsle mot å flyga kan også ha hindra henne i å reisa rundt og turnera. I tillegg gjekk dødsfallet til tjueeinårige Duffield, som fann stad under den første konserten hennar, ved Poole Arts Centre, sterkt inn på henne. Bush heldt ein konsert i Hammersmith Odeon til støtte for familien hans den 12. mai 1979, saman med Peter Gabriel og Steve Harley. Ho tileigna seinare to songar til han, «Blow Away» på Never for Ever og «Moments of Pleasure» på The Red Shoes. Bush har sjølv sagt i eit intervju med Mark Radcliffe på BBC Radio 2 at ho faktisk likte å turnera, men at produksjonen av dei seinare albuma tok opp all energien hennar.
Samtidig som ho turnerte, opptredde Bush også på fjernsyn i fleire land, som Top of the Pops i Storbritannia, Bios Bahnhof i Tyskland og Saturday Night Live i USA (med Paul Shaffer på piano). 28. desember 1979 sende BBC TV ein Kate Bush Christmas Special. Programmet blei spelt inn i oktober 1979 ved BBC Studios i Birmingham med koreografi av Anthony Van Laast. I tillegg til å spela songar frå dei to første albuma sine, spelte ho også julelåten «December Will Be Magic Again» og dei nye songane «Violin», «The Wedding List», «Ran Tan Waltz» og «Egypt». Peter Gabriel var med i programmet, der han framførte «Here Comes the Flood» og ein duett med Bush, Roy Harper sin «Another Day».
1980–1984: Never for Ever og The Dreaming mini|Bush er kjend for å ha brukt synthesizeren Fairlight CMI i mange verk.
Never for Ever kom ut i september 1980 og var Kate Bush sitt andre forsøk som produsent, etter at ho hadde vore med på å produsera EP-en Live on Stage frå turneen. Ho produserte albumet saman med Jon Kelly. Medan dei første to albuma hennar hadde hatt ein sameint stil på kvart spor, med orkesterarrangement bak livebandet, hadde Never for Ever ei rekkje ulike stilar. Sporet «Violin» hadde eit enkelt rockerrangement medan hitsingelen «Army Dreamers» var arrangert som ein vemodig vals. Dette albumet var det første der Bush brukte synthesiser og trommemaskin. Ho nytta særleg Fairlight CMI, som ho hadde fått erfaring med då ho spelte inn bakgrunnsvokal for Peter Gabriel sitt tredje soloalbum tidleg i 1980.
Albumet var det første for Bush som nådde førsteplassen på den britiske albumlista, og gjorde henne til den første kvinnelege britiske artisten som oppnådde dette. Ho var også den første kvinnelege artisten nokon sinne til å koma inn på lista på førsteplassen. Den bestseljande singelen frå albumet var «Babooshka», som nådde femteplassen på den britiske singellista. I november 1980 gav ho ut ein julesingel, «December Will Be Magic Again», som nådde 29. plassen på den britiske lista.
I 1982 var Bush med på den første veldedige konserten for The Prince's Trust, saman med artistar som Madness, Midge Ure, Phil Collins, Mick Karn og Pete Townshend.
I september 1982 gav Bush ut The Dreaming, det første albumet ho hadde produsert på eiga hand. Bush fortsette å fortelja historier som femna vidt i songane sine. Tittelsporet «The Dreaming» handla om vanskane til australske urfolk, «Pull Out the Pin» bygde på ein dokumentar om Vietnamkrigen, medan «Houdini» tok for seg døden til magikaren Harry Houdini. I «There Goes a Tenner» henta ho inspirasjon frå gamle kriminalfilmar, medan «Get Out of My House» var inspirert av Stephen King-boka The Shining.
På albumet eksperimenterte Bush med produksjonsteknikkar og ei rekkje ulike musikkstilar. The Dreaming fekk ei blanda mottaking i Storbritannia, der mange kritikarar var forvirra av dei tette lydbilda til Bush.Smash Hits magazine, reviews of The Dreaming (September 1982) I eit intervju med bladet Q i 1993 sa Bush: «Det var mitt 'Ho er blitt galen'-album.» Albumet blei likevel Bush sitt første til å koma inn på Billboard 200-lista i USA, der det nådde 157. plassen. Albumet gjekk inn på den britiske albumlista på tredjeplassen, men selde berre til sølv, og er blitt verande det minstseljande album hennar.
«Sat in Your Lap» var den første singelen frå albumet. Han kom ut over eit år før albumet blei gjeve ut, og nådde 11. plassen på den britiske singellista. Tittelsporet, der Rolf Harris og Percy Edwards var med, nådde 48. plass, medan den tredje singelen, «There Goes a Tenner», nådde 93. plass.UK singles chart peak for "There Goes a Tenner": «Suspended in Gaffa» blei gjeven ut som singel i Kontinental-Europa, men ikkje i Storbritannia.
1985–1988: Hounds of Love og The Whole Story