Peter Gabriel er det fjerde studioalbumet til den engelske rockemusikaren Peter Gabriel og det fjerde albumet på rad med same namnet. Det vart derfor gjeve ut under namnet Security i USA og var det første albumet hans som vart gjeve ut på Geffen Records i Nord-Amerika. Ei tyskspråkleg versjon av albumet vart gjeven ut som Deutsches Album.

Songar Songane på albumet dekkjer mange område. «The Rhythm of the Heat» er basert på Carl Jung si oppleving då han observerte ei gruppe afrikanske trommeslagarar. «San Jacinto» omhandlar frykta og smerta indianarar i Amerika opplever når dei ser kulturen sin overkøyrt av det moderne kvite samfunnet. «Shock the Monkey» handla om sjalusi og nyttar bilete av ei ape for å skildre personleg angst. «Lay Your Hands on Me» handlar om healing, gjennom tillit, noko som vert vidare utforska på seinare album. «The Family and the Fishing Net» er ein song som samanliknar ein moderne bryllaupsdag med ei voodoo-ofring. «Wallflower» handlar om handsaminga av politiske fangar i Latin-Amerika i 1980-åra.

Innspeling Albumet vart spelt inn heilt digitalt, som eit av dei første albuma i historia. Instrumenteringa er hovudsakleg elektronisk, med mykje bruk av sampling (ved hjelp av Fairlight CMI) og vestafrikansk perkusjon.«Fairlight – The Whole Story». Audio Media. January 1996. Albumet vart spelt inn i heimen til Gabriel på den tida, Ashcombe House i Somerset i England i 1981.

Tittel Sm dei tre førre albuma til Gabriel hadde ikkje albumet noko anna tittel enn namnet til Gabriel I USA og Canada var det Geffen Records, det nye selskapet hans, som gav ut albumet og Gabriel gjekk motvillig med på å bruke tittelen Security for å skilje det frå dei tidlegare platene hans. Denne nye tittelen vart sett på eit klistremerke på plastfolien og plateetiketten. Sjølv om det var Gabriel sjølv som gav denne tittelen, som offisielt vart kalla Peter Gabriel i andre land. Det var det siste albumet hans som vart kalla Peter Gabriel fø eit samlealbum i 2008.

Alternative versjonar Fem songar frå albumet – «The Rhythm of the Heat», «San Jacinto», «The Family and the Fishing Net», «I Have the Touch» og «Shock the Monkey» er med på konsertalbumet Plays Live (1983).

Versjonar av «The Rhythm of the Heat», «San Jacinto» og «Wallflower» var med på filmmusikkalbumet til Gabriel for filmen Birdy i 1984.

I andre media «The Rhythm of the Heat» vart nytta i opningsscenen av episoden «Evan» i den første sesongen av fjernsynsserien Miami Vice. I alt sju av songane til Gabriel vart nytta i serien, meir enn nokon annan soloartist. Songen vart òg nytta i filmen Natural Born Killers.

«Shock the Monkey» vart nytta i filmen Project X i 1987 med Matthew Broderick. «Wallflower», i lag med nyversjonar av andre songar frå det tredje og fjerde albumet til Gabriel, vart nytta i filmen Birdy i 1984, regissert av Alan Parker med Matthew Modine og Nicolas Cage. «I Have the Touch» vart nytta i filmen The Chocolate War i 1988, og ein alternativ versjon av songen vart nytta i filmen Phenomenon i 1986 med John Travolta. Ein coverversjon av Heather Nova av same song vart nytta i The Craft. «Shock the Monkey» vart òg nytt ai ein episode av South Park.

«I Have the Touch» vart nytta i filmen The Chocolate War i 1988. Ein alternativ versjon av sporet vart nytta i filmen Phenomenon i 1996 med John Travolta i ei av rollene. Ein coverversjon av Heather Nova vart nytta i The Craft.

«Lay Your Hands on Me» er med i femte sesongen av The Americans i episoden «Crossbreed». Det var tredje gongen ein Gabriel-song var med i serien.

Innhald

Medverkande Peter Gabriel – vokal, programmering og sequencing (spor 1-6), synthesizer, piano (spor 7), surdo (spor 1, 8), ekstra trommer på spor 2 Tony Levin – bassgitar (spor 1, 6-8), Chapman stick (spor 2-5) David Rhodes – gitar (spor 2-8) Jerry Marotta – trommer, perkusjon (spor 1, 6) Larry Fast – synthesizer (spor 1-5, 7, 8), elektronisk perkusjon (spor 8) John Ellis – korvokal på spor 1, 3, 8, gitar på spor 2, 4 Roberto Laneri – handsama saksofon på spor 4 Morris Pert – timbales på spor 6, perkusjon på spor 8 Stephen Paine – programmerring på spor 4 David Lord – synthesizer på spor 6, 7, piano på spor 7, 8 Peter Hammill – korvokal på spor 4, 5, 6 Jill Gabriel – korvokal på spor 2 Ekome Dance Company – ghanesisk trommer på spor 1 Greg Fulginiti - mastering

Lister Album År Liste Plassering 1982 Billboard Pop Albums 28 Music Week (UK) Albums 6

Singlar År Singel Liste Position 1982 «I Have the Touch» Billboard Mainstream Rock 46 «Kiss of Life» Billboard Mainstream Rock 34 «Shock the Monkey» Billboard Black Singles 64 Billboard Club Play Singles 26 Billboard Mainstream Rock 1 Billboard Pop Singles 29 UK singles 58

Salstrofé Organisasjon Nivå Dato BPI – UK Gull 30. november 1982 CRIA – Canada Gull 1. februar 1983 CRIA – Canada Platinum 1. februar 1983

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Peter Gabriel (1982)» frå , den 26. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Peter Gabriel-album Kategori:Album produserte av Peter Gabriel Kategori:Charisma Records-album Kategori:Geffen Records-album Kategori:Engelske new wave-album Kategori:Worldbeat-album